Ny topplassering for Ulstein

Ny topplassering for Ulstein

Arkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg. - Klikk for stort bileteArkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg. Janne-Marit Myklebust Ulstein kommune er femte beste kommune i landet når det gjeld openheit. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det kjem fram i "Åpenhetsbarometeret 2021" utarbeidd av Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport. Dei har sett på korleis norske kommunar handterer openheit og innsyn.

LES OGSÅ: Ulstein kom på andreplass i årets kommunebarometer.

- Vi er gode fordi vi ønskjer å vere gode, seier arkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg.

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit. Det vil seie at dersom noko er unnateke offentlegheit, skal vi likevel vurdere om det let seg gjere å gi innsyn. I desse tilfella kan det vere mogleg å sende ut eit sladda dokument.

Grimstad og Modalen kjem best ut i landet med 29,5 av 34,5 moglege poeng. Ulstein ligg på 5.-plass med 28 poeng, best av alle kommunane i fylket.

Dette er kommunane som i størst grad legg forholda til rette for ein open og opplyst samtale, slik Grunnlova § 100 krev. Dei har gjennomgåande gode system og løysingar for å sikre openheit og innsyn, og gir ålmenta god tilgang til alle politiske dokument. Årdal kommune i Vestland kom dårlegast ut med - 3 poeng.

Kommunar med 25 poeng eller meir
Kommune Fylke Poeng
1. Grimstad Agder 29,5
1. Modalen Vestland 29,5
3. Kvinesdal Agder 28,5
3. Harstad Troms og Finnmark 28,5
5. Ulstein Møre og Romsdal 28
6. Hå Rogaland 27,5
7. Randaberg Rogaland 25,5
7. Vestre Slidre Innlandet 25,5
7. Øygarden Vestland 25,5
7. Sauda Rogaland 25,5
11. Fauske Nordland 25,0
11. Valle Agder 25,0
11. Hjelmeland Rogaland 25,0
11. Stor-Elvdal Innlandet 25,0

Møre og Romsdal er landets mest opne fylke, med 18,1 poeng i snitt.

- Vi skal vere godt nøgde med ein 5.-plass, men vi skal alltid strekke oss etter å verte betre, seier Ekroll Riborg.

Her finn du Ulstein sine postlister og politiske dokument.

  • Ei postliste viser ei oversikt over all post sendt til og frå kommunen, i tillegg til interne dokument i Ulstein kommune. 
  • Alle kommunar er pålagt å offentleggjere ei postliste.
  • All post folk sender til kommunen er journalpliktig og vert registrert og vist på postlista. Dokument som inneheld sensitive opplysningar, som personnummer eller helseopplysningar, t.d., er unnateke offentlegheit.
  • Det er mogleg å søke i postlistene. T.d. kan du søke på ditt eige namn som avsendar og få opp alle offentlege brev som er sendt til og frå deg.

Nokre av funna på landsbasis

  • Fleire kommunar har postlister med gode søkefunksjonar, enn då offentlighetsutvalget gjorde tilsvarande undersøking i 2018.
  • Fleire kommunar legg ut dokument i fulltekst i postlistene. I 2011 var det 25 prosent som gjorde det. I 2018 28,8 prosent, og no er det oppe i 41,2 prosent.
  • Postlister vert fjerna i større omfang enn tidlegare - noko som er øydeleggjande for innsynsmoglegheitene og for eksempel gravande journalistikk.
  • 15 kommunar svarte ikkje på nokon av dei to innsynskrava og gav med det avslag. 33 kommunar svarte ikkje på innsynskravet i kommunedirektøren si arbeidsavtale. i 2018 var det berre ti kommunar som gav avslag. 
  • Det er framleis store utfordringar knytt til openheit og innsyn i kommunale selskap.

Slik vart undersøkinga gjort

Åpenhetsbarometeret er basert på ei vurdering med tre ulike innfallsvinklar: 

- Spørsmål, internt skjema. Postlistesjekk gjort av Kommunal Rapport og Pressens offentlighetsorgan.

- Spørsmål, eksternt skjema. Svart på av kommunane sjølve.

- Innsynskrav. Det er bede om innsyn i rådmannen/kommunedirektøren si arbeidsavtale i alle kommunar, i tillegg til innsyn etter § 9 i kronebeløpet for ordførar og varaordførar si godtgjersle. Undersøkinga er gjennomført sommaren og hausten 2021. Eit eigenutvikla databaseverktøyer teke i bruk for å administrere, samle inn og analysere data om 356 kommunar til denne undersøkinga.