Ulstein- nest best i landet

Ulstein- nest best i landet

Per Eide Ulstein kommune har klatra heilt opp til andreplass i årets kommunebarometer. Kommunedirektøren gir ros til alle tilsette.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Vi har dyktige og dedikerte medarbeidarar som leverer kvalitet og gode tenester, seier kommunedirektør Verner Larsen, som nøgd kan slå fast at det vert jobba godt i Ulstein kommune.

Berre sølvbyen Kongsberg tronar over Ulstein, og sikra seg gullplassen.

Kommunebarometeret er ei måling som vert publisert av Kommunal Rapport kvart år, basert på fjorårets tal. Her vert alle landets kommunar rangert etter 151 nøkkeltal, på tvers av 12 ulike sektorar (grunnskule, pleie og omsorg, barnevern, barnehage, helse, sosialteneste, kultur, miljø, sakshandsaming, vatn og avløp, økonomi, kostnadsnivå).

Ulstein har no klatra frå fjorårets 8.-plass til ein svært sterk 2.-plass. Ulstein sin poengsum var 3,8957, mot Kongsberg sin 3,898.

På 3.-plass kom Gran kommune med 3,865.

Her kan du sjå kommunane si totalrangering.

- Det vert jobba systematisk med utvikling av kommunen og lokalsamfunnet. Vi har eit godt planverk, og politikarar og tilsette har felles mål for utviklinga av kommunen. Eg er særleg glad for at vi får dette løftet i eit år som har vore spesielt og ekstra utfordrande, med pandemi i tillegg til ordinær drift. Mi oppmoding til tilsette og til politikarar er: Unn deg å suge litt på denne karamellen og nyt det før kvardagen tek oss. Takk for innsatsen, seier Verner Larsen. 

Nokre tal frå rapporten:

Grunnskule: I Ulstein oppfylte 93,48 prosent av barneskulelærarane i norsk, engelsk og matematikk i 1.-7. trinn kompetansekrava i 2020. Dei beste kommunane ligg på 100 prosent. På ungdomsskulen oppfyller 88,89 prosent krava til fordjupning i desse faga.

Omsorg: 87,18 prosent av dei som budde på sjukeheim hadde eit omfattande bistandsbehov i fjor. Dette er høgare enn for mange kommunar i landet, og viser at Ulstein i større grad har satsa på heimebasert omsorg for dei som kan ta imot dette.

Barnevern: I Ulstein vert 60 prosent av sakene handsama innanfor tre månader. Dette er lågare enn dei fleste andre kommunar i landet. Den nasjonale tendensen er at kommunane held sakshandsamingsfristen på tre månader i 88,31 prosent av sakene. 

Barnehage: I Ulstein går 94,6 prosent av barna med minoritetsbakgrunn i barnehage, mot landssnittet på 85,91 prosent. 

Klima: Ulstein slepp ut  3 968,03 kilo klimagassar per innbyggjar. Dette er relativt lågt.

Økonomi: Ulstein har pengar på disposisjonsfond, fondet var i fjor på 5,2 prosent av bruttoinntektene til kommunen.
Det er mindre enn dei fleste andre kommunar i landet. Investeringsnivået i Ulstein var i fjor 17,01 prosent av brutto driftsinntekter for dei fire siste åra, og det er høgare enn dei fleste kommunane i landet.

 

Ein andreplass å glede seg over, og som også gir ein god indikator på kva kommunen kan jobbe med for å verte endå betre.

Dei andre kommunane på søre fekk denne plasseringa:

Volda: 72.-plass
Ørsta: 84.-plass
Vanylven: 159.-plass
Hareid: 161.-plass
Herøy: 188.-plass
Sande: 302.-plass