Då er det normalt ikkje lov å tenne bål, eingongsgrillar, bålpanner og anna open eld, i skog og utmark utan løyve frå kommunen.
Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein større brann. Dette kan for eksempel vere dersom det ligg snø på bakken, eller at det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjende av kommunen. Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod. Hagar reknast som innmark og er ikkje omfatta av forbodet.
Du kan lese meir om bålbrenning i Ulstein på informasjonssida vår HER (lenke).