Ved bruk av eingongsgrill, må du sørge for at den vert plassert stødig på eit ubrennbart underlag. Eingongsgrillane vert svært varme på undersida, og vil kunne føre til at underlaget tek fyr eller skade. Barn og dyr skal aldri vere åleine eller leike i nærleiken av ein varm grill. Hald grillen under oppsyn så lenge han er varm.
Etter grilling, pass på at eingongsgrillen er skikkeleg sløkt og avkjølt med vatn. Ta med grillen heim på forsvarleg måte, og la han stå utandørs over natta før du kastar han i restavfallet.
Tenk på miljøet – ikkje kast eingongsgrillen i naturen!