Lurer du på kva for råd og retningslinjer som gjeld no?

Lurer du på kva for råd og retningslinjer som gjeld no?

pixabay Natt til onsdag 15. desember vart det innført nye nasjonale smitteverntiltak for å klare å halde kontrollen over koronapandemien.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Dei nye smitteverntiltaka inkluderer m.a. smittekarantene for nærkontaktar, nasjonalt skjenkestopp, munnbind på innandørs arrangement og påbod om munnbind på stader der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand. Meteren er altså tilbake. I Ulstein følgjer vi dei nasjonale retningslinjene, og har ikkje lokale forskrifter.

Helsenorge gir ei god oversikt over gjeldande råd og reglar:

Oversikt over råd og reglar

Påbod om munnbind 

Arrangement og private samankomstar

Barn og unge

Barnehage, skule og høgare utdanning

Koronakvardagen

Oppdatert informasjon om omikron-varianten

Smitte og førebygging

Reise til og frå utlandet 

Arbeidsliv og heimekontor

Her finn du Ulstein kommune sine siste statusrapportar

Treng du hurtigtest?

Har du symptom kan du hente deg ein hurtigtest i testgarasjen ved legesenteret, kvardagar klokka 11. Treng du fleire testar til testing av t.d. nærkontaktar kan du sende nokon til å hente dei ved helsestasjonen, kvardagar klokka 14. Det er viktig at du ikkje møter opp på helsestasjonen eller på venteromet ved legesenteret dersom du har symptom.

Skal du teste deg før t.d. ei reise, eller ønskjer å ha testar i beredskap heime, kan du kjøpe desse på apoteket.

Litt meir om innreise

Alle som kjem til dei store trafikk-knytepunkta frå utlandet får ein SMS med informasjon om å fylle ut innreiseregistreringsskjema og testa seg innan 24 timar, helst ved innreisepunktet. 

Når du reiser til Noreg, må du som hovudregel:

Det er di plikt å sette deg inn i reglane og eventuelle unntak. Dersom du ikkje oppfyller krava eller bryt reglane, kan du verte nekta innreise eller verte straffa.

Lenke:  https://www.helsenorge.no/koronavirus/reise/#regler-ved-innreise-til-norge

Det er eigne tiltak for reisande frå dei åtte afrikanske landa som har eigne innreisereglar: 

https://www.helsenorge.no/koronavirus/reise/#tiltak-for-reisende-fra-s%C3%B8rafrika-namibia-zimbabwe-botswana-mosambik-lesotho-eswatini-og-malawi