Drop-in-vaksinering på Moa

Drop-in-vaksinering på Moa

vaksine vaksinasjon - Klikk for stort bileteDet vert opna for drop- in vaksinering på Moa den 29.12, 30.12 og 31.12, med bistand frå Forsvaret. Også du frå Ulstein kan få vaksine der.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Vaksineringa i Ulstein 29.12 er fullteikna, og neste sjanse for koronavaksine i Ulstein er 5. januar. 

«Bytt og stikk»

Kommunane Ålesund, Sula og Giske har gått saman med Forsvaret om å bemanne ein felles vaksinestasjon. Dette tilbodet i veke 52, er ope også for innbyggarar utanfor Ålesund, Sula og Giske. Vaksinestasjonen vil vere open for alle som besøker Moa. - Kva med å bytte julegåvene og få eit stikk samtidig? 

Desse kan få vaksine:

    • Dose 1  - for dei som enno ikkje er vaksinert.
    • Dose 2 – 4 veker sidan dose 1
    • Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 – gjeld alle over 18 år. 
    • Dose 4 – 3 månader sidan dose 3 (gjeld særskilte grupper med alvorleg sjukdom).

Vaksinestasjonen ligg rett ved inngangsdøra på Amfi Moa Aust, i same bygg som McDonalds. Forvaret skal også hjelpe til med vaksinering i veke 1 og 2, informasjon om dette kjem seinare.

Fleire kommunar, blant andre Ulstein, har førebels ikkje tilbod om Moderna-vaksine, og vi vil gjere merksam på at personar som ønsker denne vil kunne få slikt tilbod på Moa i veke 52.