Draumestipendvinnar får oppfylt låtskrivardraum

Draumestipendvinnar får oppfylt låtskrivardraum

Marte Hallingstad Barstad er på heimebane for å lære opp ein ny generasjon låtskrivarar. Med seg i kofferten heim til Liverpool får ho med seg tidenes overrasking.

 

Marte Hallingstad Barstad er heime i Ulsteinvik for å lære opp ein ny generasjon låtskrivarar. Janne-Marit Myklebust

  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Eg vart skikkeleg overraska! Eg har kome heim frå Liverpool for å halde workshop i låtskriving for ungdom, og hadde ikkje venta å få ei så stor overrasking på kjøpet!

Det seier Marte Hallingstad Barstad, alias artisten Maya Roxo, frå Ulstein.

Tidlegare i år vart det kjent at ho er ein av 50 vinnarar av Drømmestipendet 2022 i regi av Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.

LES OGSÅ: Marte er vinnar av Drømmestipendet

Men no går enda ein draum i oppfylling. Denne veka vart det klart at Marte er ein av fire i landet som får oppfylt ein draum – i tillegg til draumestipendet. Ho får lage musikk med den kjende musikkprodusenten Rob Wells frå Canada. Han har mellom anna jobba med Ariana Grande, Justin Bieber, Selena Gomez og Backstreet Boys tidlegare.

Overraskinga fekk ho servert på kulturskulen i Ulstein då ho kom heim.

Sjå innslag på NRK Møre og Romsdal her

Inspirasjon og motivasjon

– Eg har så lyst til å vise ungdomane at det er mogleg å satse på musikken. Eg håper eg kan motivere og spreie inspirasjon til dei som har den same draumen som meg, seier Marte om workshopen ho skal halde.

– Eg håper det kan gi eit lite spark bak og vere ein augneopnar, at dei vil sjå at dette er kjekt og at dei kan få det til. Det kan vere einsamt å vere låtskrivar, men kanskje kan dei etter dette bruke kvarandre og oppleve at det ikkje er så skummelt som dei trudde først.

Workshopen er eit samarbeid mellom Ulstein kulturskule og Ung Arena Ulstein, med midlar frå kulturskulerådet.