– Ungdom ser ikkje kommunegrenser, difor er samarbeid viktig

– Ungdom ser ikkje kommunegrenser, difor er samarbeid viktig

– Klarer vi å inkludere, klarer vi å førebygge mykje. 

Slik innleia SLT-koordinator i Ulstein, Vedrana Terzic, då Ulstein og Hareid inviterte til fagtreff om samordning av rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak for barn og unge.

Vedrana på scena på Sjøborg framfor ein nesten fullsett sal. - Klikk for stort bileteSLT-koordinator i Ulstein, Vedrana Terzic. Janne-Marit Myklebust

SLT er ei forkorting for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak.

Les meir om ordninga her.

– I kommunane er det mange enkeltpersonar og offentlege instansar som bidreg i dette arbeidet. Difor er det viktig at alle veit om kvarandre og veit om dette arbeidet, slik at vi i samarbeid kan jobbe for at barn og unge skal ha det best mogleg her på øya vår, seier Silje Kiperberg Aksnes som er SLT-koordinator i Hareid kommune.

Silje og Vedrana på scena på Sjøborg kulturhus. - Klikk for stort bileteSilje Kiperberg Aksnes og Vedrana Terzic er SLT-koordinatorar i høvesvis Hareid og Ulstein kommunar. Janne-Marit Myklebust

 

SLT-modellen

Modellen skal sikre at ressursane i kommunen og politiet vert meir samkøyrde og målretta. SLT handlar om å gjere innsatsen for betre oppvekstvilkår meir effektiv ved å samordne alle dei gode kreftene som jobbar for barn og unge.

Arbeidet er organisert på tre ulike nivå:

  • politirådet – styringsgruppe for SLT-arbeidet i Hareid og Ulstein. I rådet sit ordførarane, varaordførarane, kommunedirektørane, politistasjonssjef, politikontakten til kommunane og SLT-koordinatorane.
  • koordineringsgruppa – representantar frå ulike sektorar og einingar i dei to kommunane, og politikontakt.
  • det utøvande nivået – alle som stor for det direkte rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet, med direkte kontakt med barn og unge, og som utfører tiltaka som er bestemt,

 

SLT- koordinatoren si rolle er å samordne, systematisere, koordinere og vere eit bindeledd mellom dei tre nivåa i SLT-modellen.

– Ungdom ser ikkje kommunegrenser. Difor er samarbeid på tvers av kommunegrenser viktig, seier Vedrana Terzic.

– Skru av internett

– Symbolikkbruk og memes vert for å spreie propoganda og demoraliseriande bodskap – forkledd som humor, sa politibetjent Håvard Kristiansen, som var til stades for å snakke litt om radikalisering med meir.

Han viste også mellom anna til at ein 13-åring i Estland stod bak ei internasjonal nynazistgruppe som planla angrep mot ein synagoge og ein TV-stasjon i USA. Gruppa kommuniserte på nett, og det er uklart om dei som var med innsåg at leiaren deira var ein 13-åring.

– Den beste førebyggaren ville vere å skru av internett.

 

SLT-arbeidet inngår som ein del av den heilskaplege satsinga for barn og unge i kommunane. Samordninga skal bidra til at barn og unge får rett hjelp til rett tid.