Løyve til oppskyting av fyrverkeri

Løyve til oppskyting av fyrverkeri

Det er forbod mot oppskyting av fyrverkeri på andre dagar enn nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00, med mindre du har fått løyve frå politi og/eller brannvesen.

Forbodet er regulert i forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff, § 2-10.

I Ulstein er det ei prinsippsak at det ikkje vert gitt løyve til privat oppskyting ved t.d. bursdagar, bryllaup og liknande. 

Ved større hendingar av offentleg interesse vil ein søknad verte vurdert. 

Politiet har same vurdering, og søkjar må ha godkjenning frå begge etatar.

Det må sendast ein skriftleg søknad. Kontaktinformasjon finn du nedst i artikkelen.

Fyrverkeri skal ikkje verte brukt i tettbygde strøk, i nærleiken av tørr skog eller andre stader der det kan vere brannfarleg.

Kontakt

Live Gandborg
branningeniør Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 48 20 34 94