Ulstein-ambassadør

Ulstein-ambassadør

Ein Ulstein-ambassadør er ein person eller organisasjon som løftar fram Ulstein og Ulsteinsamfunnet gjennom t.d. idrett, song og musikk, film/TV, litteratur eller andre kunst- og kulturformer, på ein særs positiv måte.

 

Korleis fremje kandidatar?

Grunngjevne forslag på kandidatar til utnemning av Ulstein-ambassadør, kan du sende til Ulstein kommune for administrativ handsaming. Levekårsutvalet vil så legge si innstilling fram for kommunestyret som gjer endeleg vedtak. Sjå kontaktinformsjonen nedanfor. 

 

Ulstein-ambassadør Karsten Warholm

Etter Karsten Warholm sine mange og store prestasjonar på idrettsbana, hans sunne verdiar og klare referansar til heimstaden Ulstein og klubben Dimna IL, tok dåverande ordførar Jan Berset initiativet til å utnemne Karsten til Ulstein-ambassadør. Dette var tilbake i 2015.

Karsten er ein flott ambasadør for idretten og vår kommune. Det er fleire som hugsar den flotte attesten han fekk av trenar Leif Olav Alnes: "Karsten har høg sjølvtillit og presterer på høgt nivå, men han er ikkje høg på seg sjølv, difor sa eg ja til trenarjobben." Etter å ha vore på besøk her, såg trenaren klart at fundmentet for karrieren og veremåten til Karsten var den nærmaste familien, oppvekstmiljøet og kvardagsheltane i Dimna idrettslag. 

  

Svein Arne Orvik  

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 47 30 13 32