Tilskot til ungdomstiltak

Tilskot til ungdomstiltak

Kven kan søkje?

Ungdomsrådet disponerer ein del pengar til ulike ungdomstiltak. Det kan ytast tilskot til organisasjonar, institusjonar og einskildpersonar som driv eller vil starte opp kulturverksemd for ungdom i Ulstein. 

Kva tiltak kan ein søkje på?

Med kulturverksemd meiner ein verksemd som har eit kulturelt/sosialt føremål i seg og som kjem ungdom i Ulstein til gode.

Følgjande tilskotsordningar gjeld:

  • Oppstartstilkot
  • Tilskot til einskilde arrangement og tiltak
  • Tilskot til andre ungdomstiltak 

Søknadsfrist?

Det er ingen søknadsfrist, og du kan søke heile året.

Korleis søkje?

Utfylt søknadsskjema skal du sende til postmottak@ulstein.kommune.no.

Kontakt

Annika Brandal
kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
E-post
Mobil 40 84 09 00