Kulturpris for Ulstein kommune

Kulturpris for Ulstein kommune

Kva er kulturprisen?

Kulturprisen er eit samarbeid mellom Ulstein kommune, Nordea Ulsteinvik og Sparebanken Møre Ulsteinvik. Det er Levekårsutvalet i Ulstein som årleg deler ut kulturpris eller kulturstipend. Prisen er på 20.000 kr.

Føremålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeid i Ulstein.


Kven kan få kulturpris?

Einskildpersonar eller gruppe av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som har vist (vedvarande) evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

I tilfelle kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem særskilt Ulstein kommune til gode, og elles fell inn under dei føresetnadar som er nemnt ovanfor, kan prisen også tildelast kandidatar som ikkje er busette i Ulstein kommune.

Kulturprisen kan ikkje bli gjeve til offentlege institusjonar eller landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar. Personar som er tilsett av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern kan ikkje få kulturstipendet for dette arbeidet.


Annonsering av kulturprisen

Kulturkontoret i Ulstein syter for å gjere prisen kjend og fastset fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Med minst 1 – ein – månad varsel skal kulturkontoret kunngjere fristen i pressa.


Korleis fremje kandidatar?

Framlegg til kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar, og skal vere skriftlege, helst med grunngjeving av framlegget.

Fremjing av kandidatar kan du sende til postmottak@ulstein.kommune.no, eller per brev til:

Ulstein kommune v/kulturavd.
Postboks 143
6067 Ulsteinvik

Levekårsutvalet kan vurdere andre kandidatar enn dei det er kome framlegg om.


Tildeling av kulturpris

Levekårsutvalet i Ulstein gjer vedtak om prisen skal utdelast, kva tid den skal utdelast, kven som skal få prisen, storleiken på prisen, og – i tilfelle deling – kor stor del kvar skal få. Den/dei som får prisen vert også tildelt ein diplom i kunstnarisk utforming.

Det skal ikkje knytast særskilte vilkår til korleis mottakaren nyttar prisen.

Vedtaket i Levekårsutvalet blir gjort med vanleg fleirtal. Kandidatane og utfallet av røystinga mellom kandidatane i Levekårsutvalet skal ikkje offentleggjerast. Levekårsutvalet skal grunngje vedtaket for tildeling av kulturprisen.

 

Tidlegare vinnarar av kulturpris og stipend

Her kan du sjå kven som har vunne kulturpris og kulturstipend tidlegare.

Kontakt

Annika Brandal
kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
E-post
Mobil 40 84 09 00