Turistinformasjon

Turistinformasjon

Kvar finn du oss?

Turistinformasjonen er lokalisert på Ulstein Arena, og du finn oss i resepsjonen til Ulsteinbadet i 2. etasje.

 

Kva kan vi tilby?

Vi har kjennskap til overnattingsstadar, bubil-parkering, aktivitetar og attraksjonar i nærområda våre. Her finn du også eit utval av brosjyremateriell frå ulike reisemål rundt om i landet og informasjon om korleis du kan kome deg dit. 

I butikken vår kan du kjøpe lokale turkart, bøker og prospektkort. Hos oss får du også kjøpe billettar til kino og kulturarrangement i Ulstein.

 

Opningstider

Turistinformasjonen sine opningstider følgjer opningstidene til Ulstein Arena.

 

Kontaktinformasjon

Telefonnr.: 70 01 77 00

 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 47 30 13 32