Noregs beste uterom
20. april 2016 vart Saunesparken i Ulsteinvik kåra til Noregs beste uterom, i klassa for tettstadar og friområde. Det er vi stolte av, for det er verkeleg ei sentrumsperle av ein park!
Parkrommet inviterer først og fremst til aktiv bruk. Den vender seg til mange brukargrupper, så her kan ein møtast på tvers av generasjonar og interesser. I parken er det gras, benkar og tre, der er leikeplass, minigolf, kunstgrasbane, basketballbane og sandvolleyball. Du kan også gå på elvepromenade! Der er montert tappekrane for drikkevatn.
Saunesparken har høg estetisk kvalitet med godt design og varig materialbruk.
Quality Hotell Ulsteinvik ligg vis a vis parken. Der har du tilgang til toalett, og i resepsjonen kan du leige utstyr til minigolf.