Flaggreglement for Ulstein kommune

Flaggreglement for Ulstein kommune

Flaggreglementet for Ulstein kommune vart vedteke i Ulstein kommunestyre 14. september 2023.

Verkeområde

Reglementet gjeld for alle offentlege bygningar som Ulstein kommune eig eller leiger.


Som offentlege bygningar vert rekna bygningar med tilhøyrande grunn som kommunen råder over som eigar, leigetakar eller liknande, og som hovudsakeleg vert brukt i samband med kommunen sine
offentlege oppgåver (heretter kalla kommunen sine offentlege flaggstenger).
 

Kommunen har offentlege flaggstenger ved

  • rådhuset
  • skulane
  • helse- og omsorgsinstitusjonane
  • Ulstein Arena
Offisielle flaggdagar

Kommunen har ikkje plikt til å flagge på dei offisielle flaggdagane slik staten har.
 

Hovudregel
På dei offisielle flaggdagane flaggar Ulstein kommune med det norske flagget ved rådhuset (sjå oversikt over offisielle flaggdagar).
 

Unntak

  • på grunnlovsdagen flaggar kommunen i tillegg ved skulane og omsorgsinstitusjonane
  • på samefolket sin dag flaggar kommunen i tillegg med det samiske flagget
  • på dagen for stortingsval flaggar kommunen i tillegg ved vallokala
Flagging ved andre høve

I tillegg til dei offisielle flaggdagane flaggar kommunen ved

  • valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet, ved rådhuset og alle oppnemnde vallokale
  • kvinnedagen 8. mars, ved rådhuset
  • kommunale vigslar (etter ønske), ved rådhuset
  • dersom det er gitt nasjonale føringar eller det på grunn av særlege omstende er naturleg å flagge på halv stang. Flagging ved rådhuset eller der det er naturleg å flagge.
  • høve der det av internasjonale omsyn er ønskeleg, for eksempel offisielle besøk eller solidaritetsmarkeringar. Flagging med det norske flagget og det utanlandske flagget ved rådhuset, sjå forskrift om framande flagg på offentleg bygning.
     

Skular og institusjonar avgjer sjølv om det skal flaggast ved eigne bygningar, utover punkt 3 og 4.
 

Ordførar kan elles avgjere om det skal flaggast ved kommunen sine offentlege flaggstenger, utover punkt 3og 4.

Flagging ved gravferd

Det bør flaggast på halv stang ved rådhuset eller tenestestad (dersom flaggstong) ved gravferda til

  • sittande og tidlegare ordførarar
  • noverande kommunestyrerepresentantar
  • noverande tilsett i kommunen eller noverande elev ved skulane
Gjennomføring
  • heising og firing av flagg ved rådhuset og vallokala utførast som hovudregel av Ulstein Eigedomsselskap KF
  • heising og firing av flagg ved skulane 17. mai utførast som hovudregel av 17. mai-komiteen
  • heising og firing av flagg ved omsorgsinstitusjonane 17. mai utførast som hovudregel av tilsette ved institusjonen
  • skular og institusjonar er elles sjølve ansvarlege for å heise og fire eigne flagg
  • gjeldande reglar om flagging skal følgast ved all flagging frå kommunen sine offentlege flaggstenger
Søknad om flagging

Ved søknad kan ordføraren i samband med arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse, gi løyve til

  • flagging med norsk flagg, samisk flagg og kommuneflagg. Flagging skjer ved kommunen sine offentlege flaggstenger.
  • flagging med arrangementsflagg, vimplar og banner. Flagging skjer utanfor Ulstein Arena og/eller rådhuset.

 

Søknad skal fremjast i god tid og skal innehalde

  • kva tidsrom flagginga gjeld
  • skildring av arrangementet, merkedagen eller markeringa
  • kva flagg det skal flaggast med
  • korleis flagginga skal gjennomførast (ansvar/kostnader)
  • kva flaggstong det vert søkt om å flagge frå 

 

Kven som skal heise og fire vert avtalt i kvart enkelt tilfelle. Dersom flagginga inneber kostnader for kommunen skal dette dekkast av søkar.