TT-kort (retningslinjer)

TT-kort (retningslinjer)

Informasjon om nye retningslinjer for ordninga med tilrettelagd transport, TT-ordninga i Møre og Romsdal.

Informasjon til TT-brukarar frå Møre og Romsdal fylkeskommune:

(Sjå også nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune)

Fylkestinget vedtok i sak T 0046-23 mellom anna nye retningslinjer gjeldande frå og med 1. januar 2025 og at TT-budsjettet frå og med 2024 vert redusert frå 15 millionar kroner til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av vedtaket må talet på brukarar i ordninga reduserast. 

Vedtaket inneheld mange detaljar og fylkeskommunen vel difor å avgrense den utsende informasjonen noko, for heller å sende ut meir informasjon i løpet av 2024. 

Ver merksam på følgjande i 2024 

Det vert innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024 

  • TT-kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigenandelen 
  • Brukarar som per dags dato ikkje har nytta TT-midlane vert teken ut av TT-ordninga 
  • Frå og med dags dato vert ingen nye brukarar teken inn i TT-ordninga 
  • TT-brukarane må innan 1. oktober 2024 søkje om TT-midlar for 2025 etter dei nye retningslinjene 
  • Det vert oppretta venteliste for søkjarar som fyller kriterieria og ikkje får tilbod om reisestøtte

 

Spørsmål knytt til innhaldet rettast til brukar sin bustadkommune.