Parkeringsbevis

Parkeringsbevis

Har du ei funksjonshemming som gjer at du treng pakeringsbevis eller transportteneste?

 

Kva er parkeringsbevis?

Parkeringsbeviset gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar nær hovudinngang og eventuelt heis. Beviset er personleg og kan nyttast både som sjåfør og passasjer.

 

Kven kan få parkeringsbevis?

Er du bilførar eller passasjer og har særleg problem med å bevege deg over lengre strekningar, kan du søke om parkeringsløyve for rørslehemma. 

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Korleis søkjer du?

Bruk dette skjemaet for å søke om parkeringsbevis.

Du må legge ved erklæring frå lege som fortel kvifor du har behov for parkeringskort. Dersom søknaden vert innvilga, treng vi eit bilete av nyare dato. Har du ikkje bilete å legge ved søknaden, kan du møte opp ved servicetorget ved Ulstein rådhus, og vi tek eit bilete av deg. Ring oss gjerne på tlf. 70 01 75 00 dersom du har spørsmål.

 

Kva dekkjer tenesta?

Parkeringsbeviset gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar nær hovudinngang og eventuelt heis.

Kortet gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg.

Kortet gjeld også i heile Europa, men då etter dei enkelte land sine reglar.

Løyvet blir gitt vanlegvis for 2-5 år.

 

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så raskt som råd, og seinast innan to veker.

 

Kontakt

Zari Demirova
konsulent
E-post
Telefon 90 97 02 99
Mobil 90 97 02 99