Kreftkoordinator, kreftomsorg

Kreftkoordinator, kreftomsorg

Å bli diagnostisert med kreft er vanskeleg og kaotisk for dei fleste, og problema kan vere komplekse og samansette -  både fysisk, psykisk, sosialt, praktisk og eksistensielt. 

 

Kva er ein kreftkoordinator?

Ein kreftkoordinator kan hjelpe kreftsjuke og pårørande med koordinering og tilrettelegging av kvardagen. Han/ho skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorga i kommunen.

Her er brosjyre med meir informasjon (PDF, 4 MB)


Kven kan få tilbod om kreftkoordinator?

Koordinatoren er ein tilgjengeleg ressursperson for deg som har kreft eller til deg som er pårørande.


Kva kan vi tilby?

Koordinatoren bidreg til å skape heilskap, samanheng og forutsigbarheit i kreftomsorga. Kreftkoordinatoren kan gi deg råd, rettleiing og informasjon. Han/ho har oversikt over relevante tilbod og tenester, og kan formidle kontakt med dei ulike tenestene og aktuelle samarbeidspartnarar. Koordinatoren kan vere bindeleddet mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunen.

Kreftkoordinatoren skal sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande, og skal også gi råd og rettleiing til helsepersonell.

Kreftkoordinatoren er kommunen sin kontaktperson for pakkeforløp heim for pasientar med kreft.

 

Kreftkoordinatoren kan hjelpe om du:

  • har barn og/eller unge som pårørande
  • treng nokon å snakke med, og få råd og vegleiing angåande sjukdomsforløp
  • har mykje å forholde deg til i samband med kreftsjukdomen og slit med å halde oversikt
  • opplever biverknadar av kreftsjukdom og behandling
  • har plagsame seineffektar etter avslutta kreftbehandling og treng oppfølging


Pakkeforløp heim for pasientar med kreft

Alle som får ei kreftdiagnose får tilbod om "Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft". Pakkeforløpet skal sikre ein god overgang mellom sjukehus og kommune, slik at pasient og pårørande skal få god oppfølging gjennom heile forløpet.  Pakkeforløpet er eit tilbod om samtalar for å få fram dine behov for tenester og oppfølging, utover sjølve kreftbehandlinga. Det er din livssituasjon, og kva som er viktig for deg, som skal stå i fokus. 

Meir informasjon om "Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft"

 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.


Korleis søkje?

Ta kontakt med kreftkoordinatoren på telefon eller e-post.

Du treng ikkje tilvising frå lege eller anna helsepersonell for å få tilbod om kreftkoordinator. Du treng heller ikkje sende inn søknadsskjema. Kreftramma, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator.

Kontakt

Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40
Hege Sandnes
kreftkoordinator Omsorg | miljøterapeut IMU
E-post
Mobil 95 73 19 28