Kva er heimehjelp?
Heimehjelpsordninga skal først og fremst fungere som hjelp til eldre og personar med funksjonshemming som treng praktisk hjelp og opplæring for å kunne halde fram med å bu heime.
Kven kan få heimehjelp?
Personar som har behov for praktisk hjelp til husarbeid på grunn av sjukdom, funksjonshemming, høg alder eller andre årsaker. Tenesta vert tildelt etter ei individuell og fagleg vurdering.
Kva kostar det?
Betalingssatsar for heimehjelp/praktisk bistand er basert på husstanden si samla inntektsgrense som følgjer Grunnbeløpet (G) i Folketrygda, dvs. husstanden si netto likning før særfrådrag.
1G = 111 477 kroner per 01.05.2022.
Det skal betalast timesats for enkelttimar før ein går over på abonnementsordning.
Abonnementsprisen er basert på husstanden si samla inntekt med inntektsgrenser som følger grunnbeløpet (G) i folketrygda, dvs. husstanden si netto likning før særfrådrag.
Grunnbeløpet vert regulert 1. mai kvart år.
Abonnementet vert regulert 1. januar kvart år.
Informasjon om grunnbeløpet (G) i folketrygda.
Korleis søkje om heimehjelp?
Søknadsskjema for heimehjelp og vaskehjelp ligg her, under skjema for helse- og omsorgstenester.
Når kan du vente svar?
Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak. Vedtaket er tidsavgrensa.
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.
Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.
Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.