Omsorgsbustad

Omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er ein tilrettelagd bustad med tilgang til døgnkontinuerleg teneste.

Bustaden er bebuaren sin heim, og heimetenestene vert gitt på same vilkår som for andre heimebuande.

Ulstein kommune kan tilby omsorgsbustadar på følgjande plassar:

  • Alvehaugen: Sjukeheimsvegen 18
    – einingsleiar er Gunn Sætre
  • Hovstøylvegen
  • Ulshaugen
    – einingsleiar er Gunn Hofset
  • Holsekerdalen 
    – einingsleiar er Gunn Hofset
  • Sjøsida
    – einingsleiar er Heidi Strand
  • Petterbakken
    – einingsleiar er Heidi Strand
  • Holsekerdalen 22
    – einingsleiar er Aase Djupvik

Kven kan få tilbod om omsorgsbustad?

Personar med auka omsorgsbehov som ikkje lenger kan bu i opphavleg heim, kan få omsorgsbustad. Bustadene er meint for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.
 

Kva kan du forvente?

Tilsette frå heimetenesta vil kome på heimebesøk for å kartlegge situasjonen til den som søkjer.
 

Kva kostar det?

Husleiga på dei ulike omsorgsbustadene varierer etter storleik og standard.

Personar i omsorgsbustad med full kost har fritt dagsenter. 

Personar som bur i omsorgsbustad kan på visse vilkår søke om bustøtte.
 

Korleis søke om omsorgsbustad?

Her finn du skjema til å søke om omsorgsbustad.

Er du pårørande og skal søke for andre, er dette mogleg ved at du loggar på med din eigen bank-ID.
 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar veke. Sakshandsamingstida er 3-4 veker, og du vil då få skriftleg melding om vedtak.

 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.
 

 


 

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar Koordinerande eining
E-post
Mobil 98 23 06 37