Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering

Lengst mogleg i eige liv - i eigen heim.

Dei fleste ynskjer å vere aktive og kunne bu heime lengst mogleg. Mange ynskjer å halde fram med å kunne bestemme over eige liv.

Den enkelte sine ressursar, interesser og mål står sentralt i kvardagsrehabilitering. Kvardagsrehabilitering har difor fokus på kva som er viktige aktivitetar i livet ditt no, der målet er auka livskvalitet og eiga meistring.


Kva er kvardagsrehabilitering?

Ei tidsavgrensa rehabilitering der opptrening i daglege gjeremål skjer i eigen heim. - Eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar som gjer ei systematisk kartlegging av din funksjon. I samarbeid med deg vert det utarbeidd mål som du synst er viktig å meistre i din kvardag. Teamet og heimebasert omsorg vil i lag med deg samarbeide mot dine mål. Innsatsen vil vere intensiv i starten og minke i takt med forbetring av dine funksjonar.

 

Kva kan du forvente av oss?

Treningsarenaen vil vere i din eigen heim. Saman med deg vil vi trene på det som er viktig for deg for å klare deg best mogleg i kvardagslivet. For å oppnå dette jobbar vi intensivt saman med deg i rehabiliteringsprosessen i ein avtalt tidsperiode. Evaluering av framgang og justering av mål skjer undervegs.

 

Kva forventar vi av deg?

Du er motivert til å gjere ein innsats for å gjenvinne det du tidlegare meistra, slik at du i størst mogleg grad kan halde fram med å vere sjølvhjelpt i eigen heim.

 

Målgruppe:

  • Du som søkjer om helse- og omsorgsteneste frå kommunen for første gong, eller dei som søkjer om meir teneste.
  • Du som har vore innlagt i sjukehus (og sjukeheim, rehabiliterings-avdeling) og opplever behov for hjelp i kvardagen etter sjukdom/skade.
  • Du som bur heime, men ikkje lenger har same funksjon som før og strevar med å meistre til dømes personleg stell, matlaging eller andre aktivitetar.
  • Du som ynskjer å vere aktiv og bu heime.
  • Du som er motivert til å klare deg sjølv.
  • Du som har noko hjelp i kvardagen, men kanskje har behov for meir hjelp.

 

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis, men tiltak som vert iverksett kan innebere kostnadar.

 

Korleis søke?

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet, vel "Kvardagsrehabilitering".

 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.
 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal  som klageinstans.
 

Kontakt

Kjersti Vengen Jensen
fysioterapeut helsestasjon og kvardagsrehabilitering
E-post
Mobil 95 27 27 42
Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40