Sjølvhjelp for psykiske vanskar

Sjølvhjelp for psykiske vanskar

Psykiske helseplager er vanleg. Få – kanskje ingen – går gjennom livet utan å ha det vanskeleg. Her finn du informasjon om korleis du kan hjelpe deg sjølv når du strevar.

Kva er psykisk helse?

God psykisk helse kan vi skildre som ei oppleving av at vi har det godt og finn glede i kvardagen, og at vi er rusta for å tole vanlege belastningar. Dei fleste – kanskje alle – opplever å ha vanskelege periodar. Nokre gongar kjenner vi til årsaka, andre gongar ikkje.

Sjølv om du opplever periodar der du til dømes kjenner deg nedstemt eller engsteleg, er ikkje dette nødvendigvis ei psykisk liding, men ein del av livet.

Psykisk helse handlar mykje om korleis vi har det med våre næraste og i det samfunnet vi lever i. Psykisk helse handlar i stor grad om korleis den enkelte opplever at dei er ein del av ein fellesskap og at dei vert verdsett og sett pris på av andre.

Fem råd for god psykisk helse

  • Knyt band til menneska rundt deg. Fortel at du har det vanskeleg, til nokon som bryr seg om deg
  • Ver fysisk aktiv
  • Hald ei jamn døgnrytme. Både for lite og for mykje søvn spelar negativt inn på den psykiske helsa vår
  • Oppretthald aktivitetar du vanlegvis har glede av, også dersom dei ikkje opplevast like meiningsfylte akkurat no
  • Ha eit sunt og næringsrikt kosthald

 

Våre nære relasjonar

Vi menneske er sosiale – vi treng kvarandre for å ha det godt. Gode relasjonar rustar oss for å handtere motgong og gjer at vi både kjenner oss friskare og lever lenger. Mange som ønsker hjelp for psykiske vanskar fortel at dei kjenner på einsemd, nokon også sjølv om dei ofte er saman med folk. Det som ofte manglar er opplevinga av nærleik, som kanskje kjem av at vi deler lite av kven vi «eigentleg er».

 

Tips

  • Spør nokon om å gå ein tur saman med deg
  • Inviter nokon heim på kaffi
  • Forsøk å halde fokus på andre rundt deg, heller enn eiga kjensle av einsemd
  • Ikkje ha for høge krav – det tek tid å bygge gode relasjonar
  • Meld deg på ein aktivitet som interesserer deg (idrett, korsong, turlag, frivilligsentral, Røde Kors etc.) 
  • Mange er redde for å dele med andre at dei har det vanskeleg. Om du strever med noko, prøv å finne ein person du er rimeleg trygg på. Slik deling fører ofte til meir nærleik.

 

Å vere i skule eller jobb

Det er viktig for den psykiske helsa vår å vere i meiningsfylt aktivitet. I eit godt miljø vil du kunne oppleve meistring og det å høyre til. Eit generelt råd er derfor å oppretthalde aktivitetane dine, sjølv om du ikkje presterer like godt som før. Arbeidsplass og skule har plikt til å legge til rette for deg om du har behov for det for å delta. Nokre gonger er ikkje dette mogleg, og dette kan utløyse eigne rettar hos NAV. 

 

Sjølvhjelpsverktøy/kurs:

NHI – sjølvhjelpskurs: https://nhi.no/psykisk-helse/psykisk-egenpleie/selvhjelpskurs-for-psykiske-lidelser/

Tema psykisk helse (Helsenorge.no): https://www.helsenorge.no/psykisk-helse/

 

Sjølvhjelpslitteratur

Generelt om psykiske plager:
Litteratur:
Å leve et liv, ikke vinne en krig (
Anna Kåver)

Angst og depresjon:
Litteratur:
Triologi (
Ingvard Wilhelmsen)
Tenk hvis… hva så? (Aarøe og Øiesvold)
Lykketyvene (Berge og Repål)

Sjølvkjensle:
Litteratur:
Selvfølelse (
Guro Øiestad)

Søvn:
Litteratur:
Den lille søvnboka (
Atle Dyregrov)