Koronaviruset: vedtak om smitteverntiltak i butikkar og restaurantar

Koronaviruset: vedtak om smitteverntiltak i butikkar og restaurantar

Kommuneoverlegen viser til at liv og helse står på spel på grunn av ein utfordrande smittesituasjon i Noreg – og gir butikkar og restaurantar i Ulstein nokre pålegg.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

I medhald av smittevernlova § 4.1 b) og e) har kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde gitt butikkar og resturantar i Ulstein kommune desse pålegga:

  • Gjer ei vurdering på kor mange som kan vere inne i lokalet samtidig og ha kontroll på at det heile tida er færre i butikken/resturanten enn det maksimalt kan vere. Det skal vere minst ein meter mellom kundane/gjestane.

  • Alle kontaktpunkt (dørhandtak, betalingsterminal ol.) må haldast mest mogleg reine med hyppig vask. Vi ber om at alle brødskjeremaskiner vert tekne ut av bruk.

  • Kundane må oppmodast via informasjonsplakatar til berre å ta på dei varene dei sjølve skal kjøpe.

 

Gå til sida med siste nytt og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset.