Koronaviruset: slik skal legesenteret brukast frå måndag 16. mars

Legesenteret er no utvida og delt over tre etasjar med ulike inngangar på grunn av koronasituasjonen. Testing etter avtale skjer i garasje. Sjå bilda av dei ulike inngangane som no skal brukast. 

  

Merk at du no også kan ha legetimen din på nettet. Ring Ulstein legesenter på tlf. 70 01 89 89 og avtal ein såkalla e-konsultasjon. Dette gjeld ikkje øyeblikkelig hjelp og akuttsituasjonar.

  

Første etasje: Legevakt for akutt skadde eller sjuke UTAN feber og/eller symptom frå luftvegane (nysing, hoste, tung pust) 

Her er inngangen (Sjøgata 1): 

Klikk for stort bileteDette er inngangen i Sjøgata 1 til legevakta for pasientar med akutt skade eller sjukdom UTAN feber og/eller luftvegssymptom.   

 

Andre etasje: alle vanlege fastlegetimar

Har du time med fastlegen din? Bruk denne inngangen som vender mot sjøen, der det står Sjøgata 3, og gå opp i andre etasje, uansett kva fastlege du har: 

Klikk for stort bileteDenne inngangen i Sjøgata 3 skal du bruke viss du har ein avtalt time hos fastlegen din. 

 

Tredje etasje: legevakt for pasientar MED feber og/eller symptom frå luftvegane (nysing, hoste, tung pust) og som har fått beskjed om å møte

Ikkje møt utan å ha ringt og gjort avtale om tidspunkt. Du vil bli møtt av ein person ute som viser veg.

Ring på førehand til  

  • tlf. 70 01 89 89 mellom kl. 8 og 14 på kvardagane eller 

  • legevakta på tlf. 116 117 elles på døgnet og i helgene

Her er inngangen (Sjøgata 1): 

Klikk for stort bileteDenne inngangen i Sjøgata 1 er legevakt for pasientar MED feber og/eller symptom frå luftvegane (nysing, hoste, tung pust).  

 

Garasje: testing for koronasmitte

I garasjen på enden av bygget er det teststasjon for koronasmitte. (Det blir ikkje brukt telt.) 

Ikkje møt opp til testing utan å ha gjort avtale først. Ring på førehand til

  • tlf. 70 01 89 89 mellom kl. 8 og 14 på kvardagane eller 

  • legevakta på tlf. 116 117 elles på døgnet og i helgene

Her er garasjen: 

Klikk for stort bileteI denne garasjen vert det testa for koronasmitte, men berre for dei som har fått beskjed om å kome.   

   
Gå til sida med siste nytt og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset.