Koronaviruset: informasjon til føresette før 1.–4. klasse opnar att

Klikk for stort bilete Ulstein kommune Måndag 27. april opnar skulane for elevane på 1.–4. klassesteg. Dei tilsette gler seg til å ta imot elevane att! Elevane i 5.–10. klasse får heimeundervisning som før.

  

1.–4. klassesteg opnar same dagen på skulane over heile landet. Skuledagen startar til vanleg tid på dei ulike skulane. 

 

Tiltak for smittevern

Skulane i Ulstein har førebudd seg godt på å ta imot elevane. Dei har sett i verk fleire tiltak som skal sikre at det skal vere trygt og godt å kome tilbake til skulane att. 

  1. Dersom elevar eller tilsette er sjuke skal dei ikkje vere på skulen.

  2. Fokus på god hygiene

  3. Redusert kontakt mellom personar. Elevane vil verte delte inn i faste grupper med born på skule og SFO.

Sjå den nasjonale rettleiaren om smittevern i barneskulen

 

Nye reglar

At skulane opnar, betyr ikkje at skuledagen vert heilt som før. Samhandlinga mellom elevar, mellom tilsette og mellom tilsette og elevar vil måtte følgje nye reglar.

  • Vi må bruke tid på å øve inn gode hygiene- og reinhaldsrutinar.

  • Elevane vert grupperte inn i faste mindre grupper, med så faste lærarar og assistentar som mogleg.

  • Ingen, verken born eller vaksne, skal vere på skulen eller i SFO om dei er sjuke.

 

Meir ute enn før

Skuledagen vert lagt opp med pauser/friminutt som før, men det vert fokus på samhald i same grupper som i undervisninga. Ved dei store skulane vert gruppene og klassestega forsøkt skjerma frå kvarande ved ulike pausetider og pauseområde.

Ein legg også opp til å vere ute meir enn før, både med undervisning ute og turar med fagleg innhald. 

Det er viktig at føresette snakkar med borna sine og hjelper dei å forstå kvifor desse tiltaka er viktige. Samstundes er det viktig at vi fortel borna at det er trygt og godt å vere på skulen.

 

Vanleg timeplan

Frå skulane startar opp igjen vil dei følgje vanleg timeplan for 1.–4. klasse.

Når det gjeld SFO, vil både morgontilbod og tilbodet etter skuletid vere ope som før, for dei elevane som ønskjer å nytte seg av plassen sin. Ein vil måtte ta omsyn til smittevernreglane også for borna på SFO. Det kan difor bli endringar ved SFO i høve grupper og tilpassing av opningstid ved den einskilde skulen. Eigenbetaling for SFO vil gjelde som før.

 

Skyss og levering

Når det gjeld skyss og levering/henting av born, vil den einskilde skulen informere om lokal tilpassing for å unngå smittespreiing. Born som nyttar buss skal gjere dette som før.

Transportselskapa er pålagt eigne tiltak, og skulane vil passe på at omsynet til avstand mellom borna og born/vaksne vert ivareteke.

 

Matpakke og hygiene

Borna tek med matpakke som før til skule og SFO. Skulane vil ha særleg merksemd på hygiene både på samveret i gruppene på skulen og ved måltida.

Sjå elles nettstadane til skulane våre.