Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen har ei rådgjevande og administrativ rolle innan helse- og legetenester. 

 

Legetenester

Kommuneoverlegen har ansvar for legetenester i kommunen. Dette omfattar fastlegar, legevakt, sjukeheimslegar og helsetasjonslegar. 
 

Smittevern og miljøretta helsevern

Kommuneoverlegen har òg ansvaret for smittevern og miljøretta helsevern


Omsorgsberedskapsgruppe

Kommuneoverlegen har overordna ansvar for psykososialt kriseteam i Ulstein. Kriseteamet yter psykososial bistand av menneske og lokalsamfunn som vert ramma av kriser og katastrofar. Dei er ei ressursgruppe, som også vil bistå som ein ressurs for innsatspersonell.

Psykososialt kriseteam skal bistå det ordinære tenesteapparatet og er eit supplement til dei etablerte tenestene. Funksjonen er å bistå med psykologisk førstehjelp og koordinere tenester vidare til fastlege eller andre i tenesteapparatet i kommunen.

Psykososialt kriseteam er tilgjengeleg heile døgnet. All kontakt til kriseteamet skal gå via interkommunal legevakt, telefon 116 117, eller frå kommunen si beredskapsleiing. 
 

Godkjenning av verksemder

Kommuneoverlegen fører tilsyn med og godkjenner verksemder som blant anna skular, barnehagar, solarium og tatoveringsstudio. Godkjenninga av skuler og barnehagar inkluderar vurderingar av sikkerheit ute og inne, hygieniske forhold, luftkvalitet, reinhald, helsemessig beredskap m.m. 

Kontakt

Norunn Kirkebø Elde
kommuneoverlege
E-post
Mobil 928 02 357