Miljøretta helsevern Miljøretta helsevern omfattar alt i miljøet som direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Det kan vere både fysiske, kjemiske, biologiske og sosiale faktorar. Ansvar og myndigheit for fagområdet miljøretta helsevern er lagt til kommunen med heimel i Folkehelseloven kap 3. Det daglege ansvaret for dette er delegert til kommuneoverlegen. Det overordna målet med folkehelselova er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjer god folkehelse. Kap. 3 gir kommunen i oppgåve å føre tilsyn med faktorar og forhold i miljøet som kan ha innverknad på helsa. Dette lovverket er meint å fungere som eit sikkerheitsnett der ikkje andre lovverk er tilstrekkeleg for å sikre reduksjon av helserisiko. Meldeplikt Ifylgje lov og forskrifter er fleire typar verksemder søknadspliktige og meldepliktige til kommunen. Forskrift om miljørettet helsevern Fylgjande verksemder, eigedomar og tiltak skal melde til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar: Verksemder med kjøletårn og/eller luftskrubbarar Asylmottak Hospits Campingplassar og andre liknande verksemder der mange har adgang eller som blir nytta av mange menneske Lokale for undervisning og andre forsamlingslokale der mange har adgang eller som blir nytta av mange menneske Verksemder som gir utslepp av avløpsvatn For verksemder som krev løyve gjennom vedtak etter plan- og bygningslova, forurensningslova eller anna lovverk som krev vurdering av helsekonsekvensar, vil det ikkje vere nødvendig med eiga melding etter denne forskrifta. Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet Lokale som skal brukast til frisør- og hudpleieverksemder, inkludert solarier, skal meldast til kommunen før oppstart. Det skal også sendast melding ved eigarskifte, ved større ominnreiingar eller bytte av lokale. Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v. Badeanlegg, inkludert boblebad, skal meldast ved oppstart eller ved vesentlege endringar. Forskrift om skadedyrbekjempelse Skadedyrbekjemparar skal gi melding ved bruk av bekjempelsesmiddel merka med faresymbol og farebetegnelse meget giftig og giftig. Søknad og godkjenningspliktige verksemder Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler mv 1.desember 1995. Planar for nyetablering eller utviding skal godkjennast (endeleg godkjenning kan bli gitt etter oppstart). Forskrifta skal sikre det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet til borna, og skal fungere som arbeidsmiljølova til borna. For å få status som godkjent, blir det stilt krav til ei rekke tilhøve som inneklima, psykososiale forhold, sikkerheit, reingjering og vedlikehald, smittevern og lyd- og lystilhøve. Forskrifta er svært tydeleg når det gjeld ansvarsplassering. Leiar av verksemda (barnehage/skule) har ansvar for å sjå til at forskrifta blir overhalden, og at verksemda har eit dokumentasjonssystem (internkontrollsystem) som sikrar dette. Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet Lokale som skal brukast til tatovering eller holtaking/piercing skal godkjennast før dei blir tekne i bruk. Det må søkast om ny godkjenning ved eigarskifte, ombyggingar eller flytting til nytt lokale. Kontaktinformasjon Meldingar og søknader skal sendast til Ulstein kommune v/kommuneoverlegen, postboks 143, 6067 Ulsteinvik, eller til postmottak@ulstein.kommune.no Publisert 11.07.2018 11:41 Sist endra 02.01.2024 15:11