Dagtilbod for psykisk helse og rus

Dagtilbod for psykisk helse og rus


Kven kan få tilbodet

Dagtilbodet er for deg som har vanskar knytt til psykisk helse og rus, og blir tildelt etter individuell vurdering.


Kva kan vi tilby?

Dagtilbodet er lokalisert i Skollebakken Aktivitetshus, og er i hovudsak ein sosial møteplass.

Opningstidene er:

  • måndag klokka 14.00–19.00
  • tysdag, torsdag og fredag klokka 11.00–15.30

Vi legg opp til aktivitetar etter ønske – aktivitetar som du synest er kjekke å halde på med. For eksempel baking, brettspel, handarbeid og hobby.

Måndagane vert det servert middag klokka 16.30. Den kostar kr. 50,-.
Dei andre dagane er det mogleg å kjøpe kaffi/te og smurte rundstykke.

Tenesta har også ulike gruppetilbod – alt etter årstid og ønske. Dette tilbodet får du informasjon om ved deltaking.
Den siste torsdagen i månaden vert det halde husmøte.

 

Kva kostar det?

Sjølve dagtilbodet er gratis. 
 

Korleis søke om dagtilbodet?

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet, vel "Psykiatriske tenester". Ta gjerne ein tur innom, eller ring oss på telefon 98 23 06 36.
 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du vil få skriftleg melding om vedtak.
 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

Kontakt

Silje Kleven Eriksen
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 98 23 06 36