FamilierådgjevingFamilievernkontoret i Ålesund dekkjer kommunane: Ålesund, Fjord, Giske, Sula, Stranda, Sykkylven, Ørsta, Volda, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. For å gi eit betre tilpassa tilbod til befolkinga på Søre Sunnmøre, har vi sidan mars 2020 hatt faste kontordagar i Vikegata 9 i Ørsta sentrum. Kva er familierådgjeving?Barne- Ungdoms- og Familieetatens (Bufetat) hovudoppgåve er å gi born, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med riktig og god kvalitet. Familievernkontoret i Ålesund gir tilbod om rådgjeving og samtalar når det er vanskar, konflikter eller kriser i familien. Kontoret utfører og lovpålagt mekling for foreldre med felles born under 16 år ved samlivsbrot og samarbeidsvanskar mellom foreldra.Alle som treng å prate om vanskelege forhold kan søkje familierådgjeving ved familievernkontoret.Eksempel på forhold der familierådgjeving kan vere til hjelp: styrke parforholdet avklare om parforholdet skal halde fram eller ikkje avslutte parforholdet på beste måte kome vidare etter eit brot i parforholdet styrke foreldrekompetansen betre samarbeidet om barn med tidlegare partner avklare rollene i ny familie avklare forholdet til øvrig familie leve med sjukdom/nedsett funksjonsevne i familien kome vidare etter ei alvorleg hending/utfordring hjelp i kultur-/minoritetsspørsmål hjelp i forhold til fysisk/psykisk vold hjelp i forhold til rus informasjon, råd og rettleiingKva kostar det?Tenesta er gratis. Korleis tinge time?Du treng ikkje tilvising for å kome til oss. For tinging av time, ring eller send e-post til ekspedisjonen i Ålesund:Telefon: 466 17 390E-post: familievernkontoret.alesund@bufetat.noKontaktinformasjonFamilievernkontoret i ÅlesundLangelandsvegen 176010 ÅlesundHer finn du meir informasjon om familievernet. Publisert09.07.2018 15:17 Sist endra23.09.2020 15:04