Førehandskonferanse

Førehandskonferanse

Førehandskonferansen skal sikre at du får den informasjonen du treng tidleg i planlegginga av byggeprosjektet.

Føremålet med ein førehandskonferanse er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav knytt til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden. 

Førehandskonferansen er å sjå på som ei gjensidig orientering om eit tiltak og er ikkje rettsleg bindande for vidare saksgang. Det skal førast referat frå møtet.

Det er viktig at du sender inn nødvendig informasjon om tiltaket i forkant av møtet, slik at kommunen kan få tilstrekkeleg kunnskap om tiltaket som er planlagt.

For at du skal få størst mogleg utbytte av møtet ber vi om at følgande informasjon vert lagt ved førespurnaden:

  • kva du skal bygge: kart, teikningar og skisser
  • kor stort du skal bygge: høgd, breidd, areal
  • kva du skal bruke byggverket til
  • informasjon om korleis du tenker å løyse veg, vatn, kloakk
  • spørsmåla du ønsker svar på i møtet

 

For å reservere tid til førehandskonferanse, send e-post til byggesak@ulstein.kommune.no.

Kva kostar det?

2024 Førehandskonferanse
Vedtak Pris Kommentar
Førehandskonferanse 2 915 kroner Vert trekt frå ved byggesøknad innan 2 år