Beredskap
Hareid og Ulstein brannvesen har to brannstasjonar - ein i kvar kommune.
På kvar brannstasjon er det fire vaktlag med dreiande vakt.
Døgnet rundt og året gjennom er brannmannskap klare til å rykke ut. Oppgåvene dreiar seg om vern av menneske, miljø og materielle verdiar. Brannvesenet er godt trent og øvd for å handtere uforutsette hendingar som kan skje i dagens samfunn.
Førebyggande tiltak
Hareid og Ulstein brannvesen føretek kontroll og tilsyn ved større bedrifter, overnattingsstadar, alders- og sjukeheimar m.m. for å sørge for at brannsikkerheita vert ivaretatt på riktig måte.
Brannvesenet har også førebyggande brannvernsamarbeid med skular og barnehagar m.m.
Andre førebyggande tiltak i kommunane:
- informasjonstiltak
- nasjonale kampanjar (brannvernsveka, open brannstasjon, komfyrvaktkampanje)
- branntilsyn av særskilde brannobjekt
- sakshandsaming av bålsøknadar, fyrverkeriutsal, melding om overnatting i bygg der det vanlegvis ikkje er overnatting, og melding om større arrangement
- sakshandsaming av bekymringsmeldingar (forhold som potensielt kan føre til brann) og innmelding av farlege stoff
Kontakt
- Ved brann, eller mistanke om brann - Ring 110
- Har du spørsmål om brannvern i kommunane - Ring brannvakt på tlf. 911 14 242