Tilbodet er til deg som er utan bustad, og for deg som ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv eller med hjelp frå andre. Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du får tilbod om bustad gjennom kommunen.
Tildeling av kommunal bustad vert gjort etter lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet, og Ulstein kommune sine gjeldande retningslinjer for tildeling av kommunal bustad.