SFO - ferietilbod/ferieplanlegging

SFO - ferietilbod/ferieplanlegging

SFO si opningstid er i samsvar med skuleruta for grunnskulen, men SFO held ope i haust- og vinterferiane og tre veker i sommarferien. Ferietilbodet for SFO vert gitt ved Ulsteinvik barneskule.

SFO i skuleferiane

  • Her finn du kontaktinformasjon til SFO Ulsteinvik barneskule.

  • Påmelde i SFO kan nytte ferietilbodet etter kor stor plass dei har elles i året (5, 4, 3 eller 2 dagar per veke).
  • Elevar som går ut av 1.–4. klasse, kan nytte ferietilbodet ut juni månad.
  • Ferietilbodet i august kan nyttast av påmelde i SFO som det komande skuleåret skal gå i 1.–4. klasse.
  • Barn med særlege behov kan nytte heile ferietilbodet.
  • Det er ikkje SFO i samband med skulefri ved jul, påske og andre høgtider eller ved studie- og planleggingsdagar.

Påmelding til ferietilbod i SFO

  • Føresette får melding om ferieplanlegging i Edlevo-appen. Her er det mogleg å huke av dei dagane eleven skal ha fri i den aktuelle ferien (haust/vinter/sommarferie) Dei dagane som ikkje er huka av, vil vere dei dagane eleven skal vere på SFO i ferien.
  • Melding i appen vil kome i god tid før ferieperioden, og det vil vere ein registreringsperiode på om lag to veker. Det vil også kome ei påminning om registrering av ferieplanlegging i Edlevo-appen.

 Sommarferien 2023

  • Sommaren 2023 vert det tilbod om SFO ei veke etter skuleslutt 22. juni, frå og med 23. juni til og med 30. juni.
  • SFO er stengt i perioden 03. juli–28. juli 2023.
  • Ferietilbodet i august 2023 er frå og med 31. juli til og med 11. august. Tilbodet gjeld påmelde i SFO skuleåret 2023/2024.

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 90 67 95 11