Pedagogikk

Pedagogikk

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

«Barn er ressurssterke og kompetente menneske som skal bli tatt på alvor med sine ulikskapar»

Almejordet barnehage sitt pedagogiske syn er inspirert av Reggio Emilia-tenkinga. Styrken i Reggio-tenkinga er at den viser kva det vil seie å synleggjere det kompetente, kreative og utforskande barnet.

Opphavsmannen Loris Malaguzzi, sa «vi seier at når barnet vert fødd, fødast det talande, talande med nokon». Med det meiner han at vi er alle fødd sosiale og med behov for å kommunisere med andre. Intensjonen er å ha fokus på kvart barn og barnet sitt høve til å utvikle seg til tenkande og sjølvstendige individ.

Barn må verte sett som subjekt heilt frå starten av livet, og ikkje berre som objekt som skal påverkast og formast. Barn skal ha innverknad på eiga læring ved at dei i lag med andre barn og eller vaksne skal finne løysingar på problemstillingar dei arbeider med. Dette skjer ved at barn og vaksne utforskar, undrar seg og kjem fram til løysingar i fellesskap.