Varsling

Varsling

Ulstein kommune legg stor vekt på å vere ærleg, ryddig og open i all si verksemd. Både folkevalde og tilsette har ansvar for å etterleve dette prinsippet.

Ulstein kommune ønskjer å

  • sikre eit godt ytringsklima på arbeidsplassen og trygge varslingsforhold
  • sikre at varsling av kritikkverdige forhold vert tekne opp
  • sikre at arbeidstakarar skal kunne seie frå utan å vere redd for negative konsekvensar

Som forvaltarar av samfunnet sine fellesmidlar, vert det stilt høge krav til den enkelte medarbeidar sine etiske haldningar.

Folkevalde og tilsette dannar grunnlaget for innbyggjarane si tillit og haldning til kommunen, og skal difor ta avstand frå og arbeide for å hindre uetisk forvaltningspraksis.

Etiske retningslinjer

Det er vedteke etiske retningslinjer for tilsette og politikarar i kommunen.

Varsling for tilsette i kommunen

Tilsette i kommunen kan varsle elektronisk i kvalitetssystemet Samsvar. Her kan du som tilsett velje om du vil varsle anonymt eller med fullt namn. Arbeidstilsynet har god informasjon om varsling og Arbeidsmiljølova seier noko om rett og plikt til å varsle, samt vern for varslar.

Varsling for deg som ikkje er tilsett i kommunen

Om du ikkje er tilsett og ønskjer å varsle om kritikkverdige forhold, kan du gjere dette til administrativ eller politisk leiing i kommunen. Om varselet gjeld kommunedirektøren og ordførar, kan du søke råd hjå andre offentlege instansar som Arbeidstilsynet, Økokrim, skatteetaten, Konkurransetilsynet, Datatilsynet, Miljødirektoratet, Helsetilsynet eller andre du har tillit til.

Døme på tema det kan vere aktuelt å varsle om

  • Underslag, tjuveri og økonomisk mislege handlingar
  • Brot på anbodsreglar
  • Brot på tryggleiksreglar
  • Upassande gåver eller bonusar
  • Mobbing og trakassering
  • Diskriminering
  • Fare for liv og helse
  • Maktmisbruk
  • Brot på teieplikta

Kontakt

Verner Larsen
kommunedirektør
E-post
Telefon 70 01 75 13
Mobil 98 23 06 01