No kan du søke på tomtene på Skeide!

Klikk for stort bileteSkeide Per Eide Flammande solnedgang, ope og vakkert, hav og fjell rett utanfor stovedøra - gangavstand til sentrum, eit triveleg nærmiljø med barneskule. Her vert det flott å bygge og bu! Søknadsfristen er sett til 22. august 2021.

Klikk for stort bilete Vegard Ertesvåg Det er til saman snakk om 50 bustadtomter, og også ein del areal for tettare utnytting (firemannsbustader, rekkehus m.m.). Det nærmar seg ferdigstilling, og no er bustadtomtene lyst ut for sal. Det er sett opp nummerskilt på tomtene slik at interesserte lettare kan orientere seg i feltet. Nummeret er likt med det du finn på kartoversikta i lenka lenger nede.

Det vert lagt opp til at utbyggingsfirma kan søke på områda for tettare utnytting etter visse kriterium. Dei fleste områda for tettare utnytting vert annonsert samstundes med bustadtomtene. Desse er også markert med omriss i kartet.

 

Pris

Tomtepris pr. m² er kr 1250,- fastsett av kommunestyret den 17.06.2021.


Litt om prosessen

Du kan innan 22.august 2021 melde di interesse for bustadtomt ved å søke på skjema du finn lenke til her (PDF, 609 kB). Du kan sette opp inntil fem alternativ i prioritert rekkefølge. Dersom det er fleire som har sett seg opp på same tomt, vert det utført trekking.  Meir informasjon om korleis dette vert gjort i praksis finn du i "Prosedyre for tildeling ved trekning (PDF, 130 kB)".


Kart

Kart over dei kommunale bustadtomtene på Skeide finn du her (Sunnmørskart.no). Markert med blått omriss.

Under forhandlingane om kjøp av grunn til tomter på Skeide, fekk nokre av grunneigarane gjort avtale om å kjøpe igjen ei tomt. Denne retten gjeld i seks månader frå kommunalt vedtak om tomtepris. Aktuelle tomter er merka med F på tomtekartet. 

Tomter som er klare for å søke på vil verte merka med ein L. Tomtene vil vere byggeklare i oktober 21.

Tomter som i reguleringsplan er regulert til tettare utnytting vil du sjå har ein mørkare gulfarge enn ordinære bustadtomter.

I vår 3D-modell over kommunale tomter for sal kan du manøvrere deg rundt i byggefeltet. Det er også lagt til rette for ein enkel sol/skugge-analyse.

Klikk her for å kome inn i 3D-modellen.

Klikk for stort bilete

I kartoversikt under viser dei nye tomtene og vegsystemet. Vegstubbar som er teikna med grønt er fellestilkomstar der kommunen ikkje har ansvar for vedlikehald og brøyting.

Klikk for stort bilete 

Klikk for stort bileteSkeidebygda bada i sol sett frå utsiktspunkt på Nibben Arne Runar Vik   

Klikk for stort bileteFlott utsikt til Ulsteinfjorden, Hindholmen i fin flyt. Arne Runar Vik      Klikk for stort bileteFrå utsiktspunktet Kassen på Osberget. Berit Cecilie Skeide