Ver med på Vinter Stikk UT!

Ver med på Vinter Stikk UT!

15. desember starta ein ny vintersesong for Stikk UT! der du kan velje mellom 159 skiturar og 233 fotturar. 

Raudt skipar står oppstilt i kvit snø, med blå himmel i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteSki i Ulsteinfjella. Svein Arne Orvik

Vinterturane i Ulstein

  • Aursneset
  • Breidfjellet frå Hovsetmarka
  • Fløstranda
  • Hasundhornet (ny)
  • Nibben
  • Sundet

 

For full oversikt kan du sjekke ut heimesida til Stikk UT!

Premiar for Stikk UT! Sammen

Stikk UT! Sammen er eit konsept for å få endå fleire på tur saman. Å førebygge einsemd og fremje turglede er ein viktig bodskap for Stikk UT Sammen. 
– For første gong har vi eit enkelt konsept både i app, på stikkut.no og brosjyre som alle kan ta i bruk. Delta ved å gå fem turar saman med en turvenn og meld deg på månadlege trekkingar av turpremiar med Stikk UT!-logo, oppmodar friluftsråda.

Stikk UT! Vinter varer heilt til 15. april.

Større satsing og kilometervis med løyper

Stikk UT! Vinter er eit samarbeid mellom friluftsråda i fylket, Sparebanken Møre og Wattn, 50 skiklubbar i Møre og Romsdal skikrets, skisenter, løypelag, deltakarkommunar og mange dyktige frivillege. Alle kommunane i Møre og Romsdal, Heim i Trøndelag og Bjorli i Lesja kommune er med. Friluftsråda har denne vinteren større satsing med både skiturar og fotturar og ønsker å få med endå fleire deltakarar. 
– Mange dyktige frivillege har gjort ein fantastisk jobb med å legge til rette for at nettopp du kan kome deg ut på tur. Dei har hengt opp Stikk UT!-skilt, kodeklistremerke og laga turomtalar som kan inspirere deg til å kome deg ut på tur, seier Hilde Ellingsæter.