Ventar ekstremt kraftige vindkast

Ventar ekstremt kraftige vindkast

Ekstremvêret Ingunn er varsla frå onsdag ettermiddag. Det vart først sendt ut raudt farevarsel for Sunnmøre. Dette er no nedjustert til oransje farevarsel.

Oppmodinga er likevel den same, sjølv om farevarselet no er litt nedjustert: hald deg inne om du kan.

Det er venta lokalt ekstreme vindkast på 35-42 m/s frå sør seinare sørvest, og sterk storm på kysten og orkan ved Stad. Vinden vil auke først ved Stad, og minke sist på Nordmøre.

– Ikkje trygt å vere ute, seier meteorologane. 

 

Les meir om varselet her: Ekstremværet “Ingunn” gir ekstremt kraftige vindkast i deler av Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland (met.no)

 

Kart. - Klikk for stort bileteFarevareselet er nedjustert til oransje og gult på Sunnmøre. Meteorologisk institutt

Råd

  • hald deg inne
  • følg råd frå beredskapsmynde
  • om du MÅ køyre, følg råd frå Statens vegvesen og sjekk vegmeldingar (www.175.no)
  • følg råd og sjekk status frå transportaktørar
  • gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot
  • ver forsiktig om du ferdast i strandsona eller på sjøen
  • vurder tiltak for å avgrense skade

Konsekvensar

  • det er farleg å vere ute, og det er venta uvanleg stor skade på bygningar, infrastruktur, skog og straumnett
  • stor fare for innstilte flyavgangar, båtar og anna transport
  • bruer kan verte stengde
  • takstein og takplater kan blåse av hus og bygningar
  • du må vente svært mykje lenger reisetid
  • straumforsyninga lokalt kan verte påverka
  • mange vegar kan verte stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbana
  • snøfokk i fjellet gir redusert sikt
  • du kan vente kolonnekøyring og/eller stengde vegar
  • høge bølger kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona