Vanleg skuledag torsdag

Vanleg skuledag torsdag

Skuleskyssen vil gå som normalt torsdag, og alle skular,  barnehagar og SFO i Ulstein kommune vil vere opne som vanleg.

Alle skular,  barnehagar og SFO i Ulstein kommune vil vere opne som vanleg torsdag 1. februar. 

Dette gjeld også for dei som nyttar seg av tilbod i kulturskulen. 

– Vi har fått melding frå FRAM om at skuleskyssen vil gå som normalt, seier kommunalsjef oppvekst og kultur, Karen Strand.

FRAM melder at vurderinga er gjort basert på eit nytt vêrvarsel frå Meteorologisk institutt som viser at det verste vêret som er meldt, vil gi seg i løpet av natta.

Det vil verte gjort kontinuerlege vurderingar om det vil vere nødvendig å innstille enkeltstrekningar som følge av vêret, skriv FRAM.