Vaksinering av barn og unge

Vaksinering av barn og unge

pixabay Regjeringa har etter råd frå FHI opna for å gi koronavaksine til barn i alderen 5-11 år, og i tillegg tilby andre dose til dei mellom 12-15 år.

Merk at dette ikkje er eit generelt råd, men ei moglegheit for dei som ut frå ei totalvurdering ønsker å vaksinere sitt barn.

Barn og unge født 2006-2009, som hittil har fått éin vaksinedose, kan få tilbod om dose to, etter eige og føresette sitt ønske.

Det er særleg aktuelt for:

  • Barn med kronisk sjukdom
  • Barn som er i nærkontakt med utsette personar (t.d. alvorleg sjuke i nær familie)
  • Barn som skal opphalde seg eller reise til land som krev to dosar i koronasertifikat (gjeld ikkje alle land)

Intervall mellom dose éin og to skal vere minst 12 veker. Det er vaksinering kvar onsdag på Ulstein helsestasjon.

Merk at det ikkje vert sendt ut innkalling, men den enkelte som ønsker dose to til sitt barn, kan sende SMS til 477 54 774 (ikkje send sensitiv info).

 

Barn født 2010-2016 kan få koronavaksine (barnedose), dersom føresette ønsker dette. Barnet må vere fylt 5 år.

Det er særleg aktuelt for:

  • Barn med kronisk sjukdom
  • Barn som er i nærkontakt med utsette personar (t.d. alvorleg sjuke i nær familie)
  • Barn som skal opphalde seg eller flytte til land med høg smitterisiko eller dårleg tilgang på helsetenester.

Merk at det ikkje vert sendt ut innkalling, men den enkelte som ønsker å vaksinere sitt barn, kan sende SMS til 477 54 774 (ikkje send sensitiv info).

Første moglegheit for vaksinering i denne aldersgruppa (2010-2016) vert onsdag 26. januar frå kl 13.

For meir detaljert informasjon: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/#vaksinasjon-av-barn-og-unge