Utvida fastlegekapasitet ved Ulstein legesenter

Utvida fastlegekapasitet ved Ulstein legesenter

Ulstein kommune er glade for å kunne melde at Mohammad Asghar har takka ja til å ha eiga fastlegeliste. Dette betyr at det igjen vil verte mogleg å velje seg fastlege i Ulstein. 

Det vil vere mogleg å velje Mohammed som fastlege frå 1.februar.

Mohammad Asghar. - Klikk for stort bileteMohammad Asghar. privat

Mohammad har siste åra vore vikar for fastlege Alice Egset, og er derfor godt kjent på legekontoret og i kommunen. Alice kjem tilbake til jobben som fastlege i Ulstein i april. Fram til dette vil Mohammad følge opp pasientar både på fastlegelista til Alice og eiga liste.

Kommunen ønsker å legge til rette for at fastlegane skal ha ei arbeidsmengd som gjer at dei kan stå i jobben over tid. I samband med dette skal fastlegelista til Alice reduserast litt i storleik.

Vi ønsker at færrast mogleg skal verte trekte ut frå lista,  og derfor oppmodar vi alle som ønsker å bytte fastlege til Mohammed frå Alice, om gjer dette i februar. Om ikkje nok innbyggar vel ny fastlege, vil nokre verte flytta over frå 1.april. Det vil vere tilfeldig uttrekk kven som vert flytta, det er ikkje noko verken legane, kommunen eller HELFO styrer.

Du byttar fastlege via helsenorge.no.