Unge kunstspirar imponerer med tunellmaleri

Unge kunstspirar imponerer med tunellmaleri

Monica Vermeer I fotgjengartunellen ved Holsekervegen og Joakimbakken har 5 elevar frå visuell kunst på kulturskulen i Ulstein, dekorert og visualisert temaet «Tid».

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

«Tid» er eit stort omgrep og litt vanskeleg, viste det seg, for tida sluttar aldri – den er i syklus.

Designet blei til slutt ei tidslinje som knyter saman 9 maleri som handlar om tid, og som viser eit tidsforløp – nøsta saman med den raude tråden. Kunstprosjektet har vore eit samarbeid mellom kulturskulen, kulturavdelinga, og drift og anlegg ved teknisk etat. Ulsteinvik Sanitetsforeining har sponsa dugnadsgjengen med pizza og brus.

Siste hand på verket - videosnutt.


Namna på kunstspirane
Kjerstine Liadal Herrevold, Elina Indola, Knut Nytun Moldskred, Jenny Warholm Engh og Niels Leenders.

- Utfordringa med temaet og tidslinja har vore å la alt henge saman med mange forskjellige idear og malarstilar. Den utfordringa meiner eg dei har klart, seier Monica Vermeer som har vore med som kunstlærar.

Ho legg til at ho håper andre veggmalarar vil respektere arbeidet dei har gjort ved å la det vere i fred. Ho takkar òg for samarbeidet.

 

Tidslinja
Linja startar med norrøn mytologi og 3 norner, eller skjebnegudinner, og vidare til den lokale trerekka på Kiberget;

Julianne Hauge   

Vikingtida og slaget ved Hjørungavåg er illustrert med skip med dragehovud, og kristendomen er visualisert med kyrkja i Ulsteinvik;

Julianne Hauge   

Tre generasjonar er visualisert med 3 hender, og offshoreindustrien som blomstrar i takt med det norske oljeeventyret;

Julianne Hauge   

Vidare går tidslinja til jordkloden, som kanskje ikkje er i sitt beste sett ut frå klimaendringane, og til død og nedgangstid. På det siste maleriet ser vi framtida, der den raude linja blir til lasergun, og linja går vidare i forskjellige retningar.

Julianne Hauge