Ungdomsskulen fylkesvinnar i Klassequizen – vidare til landsfinalen

Ungdomsskulen fylkesvinnar i Klassequizen – vidare til landsfinalen

Programleiar Roar Halten gratulerer laget frå Ulstein ungdomsskule (f. h. Edvard Dimmen Roppen, Niels Leenders og Johanne Orvik), med fylkessigeren. Svein Arne Orvik Som den einaste skulen i fylket med 12 av 12 rette svar, går Ulstein ungdomsskule direkte til finalerunden i Klassequizen på NRK TV. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Klassequizen er den landsdekkande kunnskapskonkurransen NRK arrangerer for elevar på 10. steget i grunnskulen

36 skular i Møre og Romsdal har delteke i år. Kvar skule hadde først quiz internt og enda opp med eit lag som skulle representere skulen på radiosendinga og bryne seg på 12 spørsmål. 

Ulstein ungdomsskule svarte alt rett i sendinga hos NRK Møre og Romsdal. Laget vert dermed sendt direkte til den landsdekkande finalerunden på tv, utan å gå vegen om fylkesfinalen. Opptaka til finalen vert gjorde seinare i vår. 

Her kan du høyre innslaget der laget frå ungdomsskulen vår fekk testa kunnskapane sine