Treng du å røyste heime?

Treng du å røyste heime?

val valkort stortingsval stortingsvalg - Klikk for stort bileteIllustrasjon. valg.no Om du ønskjer å røyste til stortingsvalet, men ikkje har høve til å kome til eit vallokale, tilbyr vi ambulerande røysting.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

I Ulstein kommune har nokre allereie teke kontakt for å få røyste heime. Om det er noko du også treng, vil to av våre røystemottakarar kome heim til deg med røystesetlar, urne og stempel. 

Ring for å gjere avtale: 70 01 75 00 eller send ein e-post til postmottak@ulstein.kommune.no.

Fristen for å melde frå om ambulerande røysting er 10. september klokka 10.00, men vi set stor pris på om du allereie no melder ifrå, dersom du har bestemt deg for kva du skal røyste og veit at du treng ambulerande røysting.

NB: Er du i koronakarantene/isolasjon vil vi også reise heim til deg for å ta imot røysta di, men vi ønskjer at du ventar med å røyste til du er frisk og kan møte opp i eit førehandsrøystelokale/vallokale sjølv.