Tilsette på heimekontor

Tilsette på heimekontor

Janne-Marit Myklebust Dei tilsette ved rådhuset i Ulstein er i hovudsak på heimekontor grunna nye smitteverntiltak. Vi oppmodar folk om å ta kontakt via telefon eller e-post.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Regjeringa la tysdag fram nye smitteverntiltak for å få kontroll over smittesituasjonen i Noreg. Statsminister Jonas Gahr Støre sa mellom anna at der folk kan ha heimekontor, skal dei ha heimekontor.

For dei tilsette ved rådhuset i Ulstein vil dette seie at dei aller fleste no kjem til å jobbe heimanfrå.

Om du ønskjer kontakt med nokon av dei tilsette oppmodar vi difor om at du ringer eller sender ein e-post.

Sentralbord: 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no

Du kan søke etter tilsette her. 

Har du pakkar eller brev du skal levere, er det moglegheit for det på rådhuset. Bruk postkassa i yttergangen eller ring på og vent der til nokon kjem og opnar for deg.