Tilbod om oppfriskingsdose av koronavaksine til alle over 75 år

Tilbod om oppfriskingsdose av koronavaksine til alle over 75 år

Regjeringa har i samråd med Folkehelseinstituttet (FHI) kome med nye råd om oppfriskingsdose til alle over 75 år og sjukeheimsbebuarar.

Person set vaksine i overarma på ein annan. - Klikk for stort bilete pixabay

NB! I SMS-en som er sendt ut, er det i nokre tilfelle oppgitt feil alder. Vaksinasjon er for dei frå 75 år og eldre.

 

Det bør ha gått seks månadar sidan førre dose, og det er tilrådd at kommunane gjennomfører vaksinasjon i løpet av april.

I Ulstein kommune nyttar vi innkallingssystemet C19, og aktuelle kandidatar for vaksine vil få ein SMS innan kort tid. Du får tildelt time ved å følge lenka i SMS-meldinga, og ved å logge seg inn med Bank-ID. Det vil vere mogleg for pårørande å logge seg inn og bestille for ikkje-digitale brukarar.

For hjelp eller spørsmål, send SMS eller ring: 47 75 47 74

Vaksinasjonsdatoar 

(med atterhald om endringar):

  • 20. april
  • 27. april