Tieto Education skiftar namn til Edlevo

Tieto Education skiftar namn til Edlevo

 Appen som føresette nyttar for kommunikasjon mot skule og barnehage endrar namn frå TietoEdu til Edlevo.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det vert tilgjengeleg ei ny oppdatering i løpet av veke 50, men det nye namnet vil kunne vise inne i applikasjonen før den tid. For nye brukarar som ønskjer å laste ned appen, vil dei kunne søke på både Tieto Education og Edlevo i seks månadar og kome til same app.  

Det nye namnet Edlevo er ein kombinasjon av Ed, som i «education», og det latinske ordet «levo», som tyder «løfte opp». Det kommuniserer visjonen om å gjere kvardagen enklare for barnehagar og skular.

Sjølve produktet vert ikkje endra. Det vil ha den samme funksjonaliteten og sjå likt ut i systemet – det einaste som vert endra er namnet og namnet sin grafiske profil.