Tid for vassmålaravlesing

Tid for vassmålaravlesing

Er du kopla til kommunalt vatn og har vassmålar er det no tid for å lese av og sende inn tala. 

Vassmålar. - Klikk for stort bileteVassmålar. Harald Øvereng

Ulstein kommune har sendt ut SMS til dei som har vassmålar. Telefonnummeret SMS-en er sendt frå er eit 14-sifra nummer som er unikt for den som har fått SMS, og det er dermed ikkje mogleg å vidaresende denne. Dette er naudsynt for at avlesinga skal verte registrert på rett målar. 

Er ikkje mobilnummeret ditt registrert på avtalen, vil det kome eit avlesingskort i posten.

 

Dette må du gjere:

  • Les av tala på vassmålaren din. Raude tal, og tal bak komma, skal ikkje takast med.
  • Svar på SMS-en du fekk BERRE med  tala som står på vassmålaren. Hugs at det berre skal svarast med tal, ikkje tekst. Døme, send: 12345

 

Dersom du svarar fleire gongar på same SMS, er det siste svaret ditt som er gjeldande. Meldingar som inneheld anna informasjon enn målarstanden vert ikkje lest og svart på.

Dersom kommunen ikkje får avlesing av vassmålaren innan fristen som er sett, vert forbruket stipulert med grunnlag i historisk forbruk. Det vil då verte fakturert eit tilleggsgebyr for manglande avlesing.

Har du spørsmål eller anna som gjeld vassmålaravlesinga, kan du sende ein e-post til postmottak@ulstein.kommune.no