Styrkar laget

Styrkar laget

Kommunepsykologane Nina Hilland og Tomas Brandal Myklebust. Janne-Marit Myklebust Nina Hilland er på plass i Ulstein. Ho skal vere kommunepsykolog saman med Tomas Brandal Myklebust i kommunane Ulstein, Sande og Vanylven.

- Eg gler meg til å komme i gang med arbeidet, seier Nina, som fekk elddåpen i Psykologtimen på biblioteket, allereie på dag to etter at ho starta. 

Lenke til Vikebladet: Psykologtimen 2. mars - korleis snakke med barn om krig

Nina er frå Stavanger og har teke profesjonsstudiet i psykologi ved  Universitetet i Bergen. Ho har m.a. erfaring frå BUP, før ho no tek til i jobben som kommunepsykolog. Nina er busett på Dimna.

Tomas har jobba som kommunepsykolog sidan desember 2019. Han skal no jobbe 60 prosent som kommunepsykoglog, og Nina 100 prosent.

Grupper

Både Nina og Tomas er tilhengarar av å jobbe med team og i grupper. 

- Vi ser føre oss at vi skal få starta opp terapeutiske grupper slik at dei som har lik utfordring får møte andre i same situasjon. Dette er eit konsept vi har stor tru på og som vi trur vil bidra til at fleire kan få hjelp. I tillegg er vi tilhengarar av å kome oss ut av kontoret. Det skal ikkje vere slik at dei som treng hjelp må reise for å treffe oss, vi ønsker å møte folk der dei er.

Kontakt

Tomas Brandal Myklebust
kommunepsykolog
E-post
Mobil 48 20 66 06