Sommarcamp

Sommarcamp

God stemning både over og under vatnet på Sommarcamp 2021 Knut Einar Tokheim God stemning, aktivitetar, meistring, opplevingar, utfordringar i trygge rammer, gode minne og nye vennar er i fokus under årets Sommarcamp!

Sommarcamp 2021

Engasjementet var stort då Ulstein lyste ut sommarcamp-tilboda, og dei ledige plassane gjekk fort unna. No er det rundt 330 barn og unge i Ulstein som får glede av gratis sommarcamp i ei av ferievekene sine. 

Midlane til sommarskule/-camp er i hovudsak eit tilskot vi har fått frå regjeringa på grunn av korona-nedstenginga av skular og fritidstilbod i 2020 og 2021.

Opplegget dei får vere med på er heilt fantastisk, og her er ein liten smakebit av aktivitetane i veke 26:

[Klikk på bilda for å sjå dei i større format].
 

"Skaparsommar" på Skaparhuset, "Magiske sekund, vennar for livet" og "Let the game begin"!

Tusen takk til medarrangørar for tolmod og fantastisk tilpassingsevne!